Dei to siste månedane

Heihei! 

Lenge sida eg har posta noko igjen no. Tida flyr og eg har heilt glømt at eg i det heile tatt har ein blogg. 

Det har skjedd mykje dei siste to månedane. Eg har vore i Florida ei veke, "track" sesongen har begynt og påska er no over. Eg har no trening to timar kvar dag og mykje skulearbeid, så er ikkje mykje tid å slappe av. 

Fjelltur med Bailey og Angie


Aidan spurte meg til prom, med norsk melkesjokolade :) Gledar med sann til prom, berre to veker igjen no!

AFS-dag med BamBam på skulen

På shopping med Kelly

Så var det Florida turen. Grandma og grandpa bur i Cape Coral store delar av året, så vi var der på besøk.

Sanibel Beach 




Vi storkoste oss.

Spelte minigolf ein kveld, vi mata krokodilleungar på samme område, veldig artig.


The foreigners, Maelle fra Frankrike.

Brooklyn

Cassandra, Brooklyn og Dawson

Brooklyn, vi det så kjekt 

Cassandra og Kelly 

Tanner, Brooklyn, Bam og Aidan, ingenting er betre enn Chipotle etter trening

I går hadde vi vårt første "Track Meet", var veldig kjekt å sjå korleis det er. Det er fullt kaos, med alt slags sportar overalt. 

Eg og Bam sprang dei samme "events", 100 og 200 meter. Eg var veldig nervøs, så er godt å ha fått det overstått. 

I dag hadde vi familieselskap med foreldrene til vertsfar. 


Eit av søskenbarna mine her fekk ein liten gut for berre ei veke sidan, eg har savna å vere rundt ungar. 


Mammy, Pappy, Carter, Justice, Bailey, Angie og Larry. Blei mykje familie bilder i dag. 

 

Blei enda eit langt innlegg. Eg håpar alt er bra med alle heime. Sommaren og heimreise nærmar seg skremmande fort. 

Vi snakkast :) 
 


  0 kommentarer på "Dei to siste månedane"


Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




Johanne Drageset, 16

Eg skal vere utvekslingselev skuleåret 2015/2016 i Ohio, USA. Så har bestemt meg for å blogge for at venna og familie kan følge meg gjennom skuleåret!

+ Legg meg til som venn


Kontakt/sponsorer: johanne.d.98@hotmail.com





Design laget av Julie Viktoria

hits