Amerikansk Jul & New Years Eve

Hei igjen! 

I morga har eg vore her i akkurat 5 månadar, rart kor fort tida går. Men på samme tid føles det mykje lenger ut sida eg sa hade til alle heime. 

Som sagt kom vi heim den 23.desember, vi var utslitt, så det blei ein tidlig kveld på oss. Julafta spiste vi fyrst middag med Angie sine foreldre, og seinare på kvelden for vi til Larry sine foreldre. 



Så kom 1.juledag. Vi spiste god frukost og opna julegaver, grandma og grandpa kom for å vere med. Fekk så masse fint!


Eg viser Bailey bilder fra konfirmasjonen min, fekk album frå Norge.

Nyttårsafta hadde ein kompis fra skulen fest. 

Cassandra og Cassidy

Hadde ein veldig kjekk kveld!

 

No lørdag var eg i 18 årsdag til Cassandra. Ellers har det vore hardt å komme tilbake til skulen, vi har veldig mykje testar og prøver, kjenner at motivasjonen ikkje er heilt på topp. 

Her stenger dei faktisk skulen når det er snø. I går begynte vi ikkje før halv 10 og idag fekk vi fri. Det er berre rundt 3-4 cm, men dei sei det er pga at det er farleg for bussane å køyre på dårleg føre. Og eg har ingenting i mot ein dag fri, får gjort mykje eg ikkje har tid til ellers. 

No til helga skal eg møte alle AFS studentane igjen, men vi skal bu med ein ny vertsfamilie. Det er familiar som har lyst å vere vertsfamiliar, og får prøve seg for ei helg. Eg er litt nervøs, men trur det skal bli kjekt. 

 

Eg må begynne å oppdatere oftare, hadebra!


  1 kommentarer på "Amerikansk Jul & New Years Eve"

Postet av: Line
Så koselig, fine bilder!
12.01.2016, 18:52
URL: http://linebmelbye.blogg.no

Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




Johanne Drageset, 16

Eg skal vere utvekslingselev skuleåret 2015/2016 i Ohio, USA. Så har bestemt meg for å blogge for at venna og familie kan følge meg gjennom skuleåret!

+ Legg meg til som venn


Kontakt/sponsorer: johanne.d.98@hotmail.com





Design laget av Julie Viktoria

hits