Los Angeles & Las Vegas

Heisann! 

Lenge sidan eg har blogga no, har skjedd så mykje og når det ikkje har skjedd noko har eg berre tatt meg tida til å slappe av. Kjenne på meg at norsk rettskriving er ikkje den beste lenger, gjer meg litt bekymra. 

Eg har hatt ein fantastisk juleferie, som starta med ei veke i LA og Vegas!! Har alltid drømt om det, trur ikkje eg har innsett alt eg fått oppleve enda. 

Vi kom til LA onsdags kvelden, hadde torsdag i LA og kjørte med leigebil til Las Vegas fredag morgen. LA var eigentleg bare ein bonus til hovedferien i Vegas. Vi hadde 5 dagar der, og kom heim igjen til Chillicothe på lisjejulafta. 

Heile torsdagen brukte vi på sightseeing, trur vi fekk sjå alt som var å sjå. 


Walk of Fame - Selfie med LA i bakgrunnen

Poserte i den berømte trappa i Hollywood - Venice Beach

Griffith Observatory - med god utsikt til HOLLYWOOD skiltet

Guiden kunne nemne fleire filmstjerne som bur i husa langs med elva oppe til venstre - Beverly Hills - Venice Beach - Rodeo Drive Street



Desidert min favoritt by av alle eg har vore i! Veldig stor, men er noko spesielt med følelsen. 

Såg sann ut heile køyre turen frå LA til Vegas - Carter (vbror) fekk som ein del av julegava å få køyre fine, dyre bilar. Huskar sjølvsagt ikkje kva bilar det var. Eg har aldri vore på ei køyre bane før, var veldig artig! 





Bailey i spagaten på grensa mellom Nevada og Arizona

Ellers fikk eg sjå og gjere utruleg mykje! Blant anna Hoover Dam, Las Vegas skiltet, New York New York i Vegas, The Strip, Zip Lining over Fremont Street Experience, akvarium, dyrehage, Madame Tussauds, kino, lys show og mange kasino, blandt anna South Point som var rett ved sidan av hotellet vårt.  

 

Eg skal skrive eit anna innlegg om korleis eg feira jul, nyttår og kva eg har gjort på dei fyrste vekene i 2016. 

 

Savna dokke heime, snakkast


  1 kommentarer på "Los Angeles & Las Vegas"

Postet av: Iselin Renée
Så mange fine bilder :)
10.01.2016, 14:34
URL: http://www.iselinrenee.blogg.no

Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




Johanne Drageset, 16

Eg skal vere utvekslingselev skuleåret 2015/2016 i Ohio, USA. Så har bestemt meg for å blogge for at venna og familie kan følge meg gjennom skuleåret!

+ Legg meg til som venn


Kontakt/sponsorer: johanne.d.98@hotmail.com





Design laget av Julie Viktoria

hits