Veke 36/37

Heisann!

 

Har hatt det veldig travelt dei siste to vekene! Forrige veke hadde vi testar kvar dag og mykje lekser, i tillegg til kampar både tirsdag og torsdag.


Brooke, Cassidy og Ashton, noken av dei eg sitter med i lunsjen.

Fredag var eg på min fyrste Amerikanske Fotballkamp.


Alli, Kelly, Katie, Justine, Cassidy og Morgan. Vi ventar på at spelarane skal komme ut og springe gjennom den store plakaten i bakgrunnen, vi gjer alltid det før kampen begynne.


Temaet den fredagen var kvit, vi kasta babypulver opp i lufta. 


Var ikkje fullt så kjekt for alle når vi hadde håret fullt i pulver, men som dokke ser hadde eg det like kjekt. 

Eg elska det!! Stemninga er fantastisk og alle har det bare utrulig kjekt uten at noken av oss heilt skjønna kva som føregår på bana, haha!

Når kampen nesten var ferdig måtte vi fare sidan vi skulle køyre eit stykke til campingplassen. Det vart så seint når vi kom dit at vi berre kom oss til rette og la oss til å sove.


Innsjøen vi campa ved sidan av, heilt nydelig der!

Lørdag åt vi god frokost ute før vi for til eit område der alle i butikkane var skikkelig amish, dei brukte hest og vogn i staden for bil og alle var kledd i gammaldagse kle.



Tok noken snik bilde av folk


Skjortsen e begynt å bli litt trang ja, heh 

 

Resten av dagen brukte eg og Bailey på å øve meg på å surve i volleyball og spelte basketball. På kvelden spelte heile familien minigolf.





Søndag bestemte vi oss for å reise heim på ettermiddagen, sidan eg og Bailey hadde morgentrening tidlig mandag.



Vi pakka sammen alt, men før vi reiste heim for vi ned til innsjøen for å kjøre vann scooter. Var så kjekt, men på grunn av AFS reglane fikk ikkje eg køyre sjølv?



Gav meg litt følelsen av hav, kjenne litt på savnet etter kysten. 

Mandag var det Labor Day så vi hadde fri frå skulen. Opp tidlig på trening og brukte resten av dagen til å slappe av. Vi hadde masse kle å vaske og gjere alt klart for fleire kampar. Tirsdag tapte vi heimekampen, men det verste var at Taylor på mitt lag fikk ein hard ball i haudet og fikk ein svak hjernerystelse.


Onsdag kveld var eg på junior leaders møte for 4H, det er ein organisasjon Angie er veldig engasjert i og for så vidt resten av byen! Kan skrive meir om det når eg skjønna betre kva det faktisk er sjølv. 

Eg er den einaste innbytteren vi har på laget, så eg måtte spele heile kampen på torsdag. Eg var så nervøs, volleyball er veldig seriøst og vanskelig her. Er ikkje berre berre å rotere osv. her, du roterar på kryss og tvers av bana alt etter kor du spelar best. MEN vi vann, eg var så glad eg ville grine!

Fredag var 9/11, vi gjorde nesten ingenting på skulen. Nesten alle timane snakka vi om det, såg film om det eller hadde stille stund for alle liva som gjekk tapt denne dagen.


Eg og Angie klar for kamp!

 

På kvelden var det trening og så rett på amerikansk fotballkamp, sidan det var 9/11 var temaet for kampen USA.


Aston, Cassidy, Brooke og Cassandra.


Alle var kledd i blått, rødt og kvitt. 


Kelly, vi går veldig godt ilag! Etter kampen for vi og noken til ut for å ete. 

Lørdag brukte vi heile dagen på benken.. Det var ein slags volleyball-cup to timar frå Chilllicothe, men var bare det gode laget som spelte. Vi på jv var med for å heie på dei, vi vann alle kampar og blei champions!!

I dag tidlig reiste eg til Colombus, den store nærmaste byen med Sunniva og vertsmora hennar på shopping. 




Vi brukte heile dagen på eit slags utendørs "kjøpesenter" var egentlig bare eit veldig koselig, stort område med gater med butikkar og fontener. Angra på at eg ikkje tok meir bilde, men reknar med eg skal dit fleire gangar. Utrulig fint der. 


På vei heim stoppa vi på Roosters. 

Er veldig seint her no, og eg er heilt utslitt etter helga. Trenge ein ekstra dag i veka her, er ikkje klar for ei ny allerede..!

Har to kampar denne veka og ein på lørdag før eg skal vidare på AFS møte med alle dei andre AFS elevane i område, gleda meg skikkelig til å møte alle igjen! Skal vere der til søndag. 

 


  0 kommentarer på "Veke 36/37"


Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




Johanne Drageset, 16

Eg skal vere utvekslingselev skuleåret 2015/2016 i Ohio, USA. Så har bestemt meg for å blogge for at venna og familie kan følge meg gjennom skuleåret!

+ Legg meg til som venn


Kontakt/sponsorer: johanne.d.98@hotmail.com





Design laget av Julie Viktoria

hits