Siste dagane og fyrste skuledag!

Heyhey!

Som sagt kom vi heim fra Fair Camp på søndag. Vi hadde eit par timar fri og så kom alle utvekslingselevane som bur her i Chilllicothe på besøk til oss for pre-orientering (trur eg vi kaller det), sidan vertsmora mi, Angie, er veldig aktiv og jobber som frivillig for AFS. Vi gjekk for det meste berre gjennom reglar og alt det samme som vi gjorde på pre-orienteringa i Norge. Du skal ha ein kontaktperson som bur i nærheten, i tilfelle du får problemer. Eg møtte min kontakperson på Fair Camp, men ho og alle dei andre sine møtte også opp på pizzakveld!

 
Bambam heilt til venstre er fra Thailand, ho skal går på samme skule som meg. Så er det Sunniva fra Bergen, og til høgre Maëlle fra Frankrike. 

Ei jente fra Sør-Amerika skal komme til Chillicothe og, men ho kjem ikkje før september. Når vi var ferdig med alt vi hadde å snakke om, kom familiane til dei andre og, vi alle åt pizza og prata! Vertssystera til Bambam er like gammal som meg, så vi blei godt kjent!  

Mandag for eg og Angie tidlig til skulen for å få timeplan, levere inn papirene mine og slike ting. Og seinare på dagen var vi på fotballbana på Zane Trace (skulen min), veit ikkje kva det heitte, men alle laga på skulen måtte vere der og få navna sine lest opp! Eg var der med volleyball-laget mitt. To frå kvart lag måtte stille opp i ein konkurranse der du skulle kle på deg ei fryst t-skjorte og springe til partneren din med den og gi den fra deg. Sida eg er den nye jenta måtte eg sjølvsagt vere en av dei to... 


Bailey tok bilde, blei veldig dårlig kvalitet. 


Fotball laget (Amerikansk), gleda meg til å sjå dei spele neste helg!

Tirsdag for eg, Angie, Bailey og Grandma på shopping å handla inn ting og kle til skulen. Og så var det volleyballtrening frå 16-18, har det kvar dag heile veka, utenom når det er kamp. 

Så kom endelig dagen eg har grua og gleda meg til så lenge! Onsdag var fyrste skuledagen her og det var over alle forventninga, alle er så hyggelige og hjelpsomme. Eg har litt vanskelig med å finne fram til klasseromma i og med at du har 3 minutt på deg til å skifte klasserom. Det er 3 etasjer med prikk like ganger, så eg hadde ikkje sjans å finne noke. Heldigvis har eg mange timar med ei fra volleyballlaget, ho er veldig god å ha, haha! Eg har 7 forskjellige fag kvar dag i 45 min, så er ganske lange dagar.. Går på skulen fra 07.45 til rundt 14.00 kvar dag. Har ingen bilde fra skulen, for lærarane er kjempe strenge med mobil. Du kan få detention av å bruke den.. 

Tok eit i kantina idag da! Den er smekk full med folk, og alt er så amerikansk. Borda er runde med krakkar som sitt fast. Maten på skulen er visst ikkje noko god, så dei fleste har med matpakke sjølv. Det er heilt normalt å ha med i tillegg til finskive ein eller fleire små chips-, kjeks- eller godteriposer. Er heilt overveldande, eg leve veldig godt og usunt! 

Etter fyrste dagen på skulen var det rett til ein annan by å ha treningskamp. Vi tapte, men vi fikk øvd oss som eit lag.. Resten av laget har aldri spelt ilag heller! 

I dag har dagen egentlig vore heilt lik alle andre, skule - heim - trening - spise - dusje - sove, trur mange dagar blir sann. Er ikkje mykje tid til anna på kvelden. Idag skal eg legge meg tidlig så eg er opplagt til enda ein lang dag imorga. Skjønna ikkje korleis ein klare slike travle kvardagar, i tillegg til lekse og alt anna som kjem seinare. Eg blir vel vandt til det! 


  1 kommentarer på "Siste dagane og fyrste skuledag!"

Postet av: Fitnessvictoria
Så spennende! Hvor går du på skole?
21.08.2015, 04:51
URL: http://fitnessvictoria.blogg.no

Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




Johanne Drageset, 16

Eg skal vere utvekslingselev skuleåret 2015/2016 i Ohio, USA. Så har bestemt meg for å blogge for at venna og familie kan følge meg gjennom skuleåret!

+ Legg meg til som venn


Kontakt/sponsorer: johanne.d.98@hotmail.com





Design laget av Julie Viktoria

hits