Dei fyrste dagane her

Hallo!

 

Det blei ei litt lengre og slitsom reise enn det eg hadde forventa. På onsdag gikk flyet fra Gardermoen rundt halv 3 til London, når vi kom dit fikk eg og to andre jente, Yvonne og Kristin, beskjed om at vi av 51 fra Norge som skulle til New York ikkje fikk plass på det fyrste flyet, så vi måtte vente der i 4-5 timar før det neste gikk. Men det gjekk heilt fint, vi hadde det kjempe kjekt ilag!! 


Kristin og Yvonne. 


Kristin fekk ikkje sove sittande, så ho la seg med beina på golvet.. Hahah! 

Alle fra utvekslingselevane frå Italia var faktisk på flyet, vi blei litt kjent med noken av dei. 


Kunne sjå skyskraperane i det fjerne fra hotellrommet, håpar eg får sjølve byen iløpet av året. 

Når vi kom til New York blei vi sendt til eit hotell som AFS brukar fast der. Når vi kom dit fikk vi utdelt ein nøkkel og eit romnummer, og fikk beskjed om at vi skulle dele rom med en annen person fra eitt eller anna land. Eg kom til eit tomt rom, og klarte ikkje å legge meg når eg visste noken skulle komme å legge seg i senga ved sidan av meg. Så eg blei sittande oppe og vente på Lara, fann eg ut en time seinare. Ho er fra Italia og vi blei gode venninne, håpa eg får møte ho igjen! 

Meg og Lara. Vi alle hadde eit AFS-skilt rundt halsen, så AFS USA lett kunne plassere oss på rett plass. 

Etter 2-3 timar søvn på over eit døgn for vi tilbake til flyplassen og deretter vidare til Colombus. Vi som reiste ilag blei godt kjent. Det var ein del vente tid og vi alle hadde masse å prate om. Alle på bilda under itillegg til ein del fleire skal reise reise ilag på turer iløpet av året, eg gleda meg skikkelig!!

Alle over er fra Italia, veldig kjekke!


Italia, Norge og Sveits. Du blir kjent med folk fra heile verda! 

 
Sunniva, ho er fra Bergen og eg kjenne ho fra før. Vi blei kjent på pre-orienteringa i høst. Ho bur nesten i samme by som meg og vertsfamiliane våre kjenne kvarandre, så vi ser kvarandre ofte, noke så tilfeldig! 


Meg, Sunniva og Lara. 

Vi var så spente når vi satt på flyet, vi visste nesten ikkje kva vi skulle gjere av oss. 

Så fikk eg endelig møte vertsfamilien min! Bailey, Angie og Larry stod og venta på meg på flyplassen. Bailey er den tre år yngre systera mi, ho skal begynne på high school no som "freshman"(?). Og Angie og Larry er vertsforeldra mine. Eg skal forresten vere junior, sidan eg er født så seint på året...

Vi for heim til huset så eg fekk pakke med meg ein litt mindre bag, og så rett vidare til Fair Camp. Eg forstod ikkje heilt kva det var før eg for dit, og eg er fortsatt ikkje heilt sikker etter å campa der heile helga. Kort sagt er det som ein ekstremt stor festival på ein måte, med karusellar, all mat du kan tenke deg, masse dyr, underholdning og ikkje minst caminpbilar/vogne. Der er rundt 2000 "campers" kvart einaste år, det er heilt enormt!! 




Larry og Bailey. Huskar ikkje kva spelet heiter, men det er veldig kjekt og vi gjorde det kvar kveld.

Bailey. Ein stor del av heile Fair Camp er alle dyra, ungar tar seg av dei heile sommaren og selge dei på auksjon her. Bailey selgte kaninene sine, men folk hadde og geiter, kue, griser, saude osv. Mange tårevåte auger her, ganske trist.. 

Eit vennepar hadde ein Corvette(?) og eg fekk sitte på ein tur rundt i campen. Dama var fra Norge opprinnelig, så vi hadde ein masse å snakke om! 

Fredag morning, dagen etter eg kom hit, stod vi opp 05.30 så eg fikk vere med på den fyrste volleyball treninga. Det var ikkje så lett å stå opp så tidlig, men eg gjorde det frivillig, så skal ikkje klage. 


Vi kom heim søndag og sidan det har vore fullt kjør. Har egentlig ikkje hatt tid å sette meg ned sidan torsdag, haha. 

Skal skrive meir om det i eit anna innlegg, har ikkje tid til å skrive meir no.. Skal på eit eller anna volleyball opplegg no om 5 min! 


  0 kommentarer på "Dei fyrste dagane her"


Legg igjen en kommentar:

Navn:
Husk meg?
E-post:

Bloggadresse:

Kommentar:




Johanne Drageset, 16

Eg skal vere utvekslingselev skuleåret 2015/2016 i Ohio, USA. Så har bestemt meg for å blogge for at venna og familie kan følge meg gjennom skuleåret!

+ Legg meg til som venn


Kontakt/sponsorer: johanne.d.98@hotmail.com





Design laget av Julie Viktoria

hits