Washington, D.C.

Hei igjen! 

No er eg heime igjen og er i full gang med pakkinga, er stort sett ferdig og klar for heimreise. 

Som sagt var eg i D.C. i helga. Var veldig kjekt å få oppleve hovudstaden og ha ei siste helg med vsystra som er vekke denne veka på camp. 

Vertsfamilien

Washington Monument 



Gjekk over brua til Virginia

The White House

Selfie med speilrefleks jadda 


George Washington sin herregård 

Bilde med sjølvaste Martha Washingtonm, mannen i rød t-skjorte er onkel Melvin - veldig artig fyr


Veldig kjekk helg!! 
Siste veka skal eg på en baseballkamp, på Tecumseh teater, henge med venner og så ha har eg hade-festen på lørdag. 

Søndag kjøre vertsfamilien min meg til eit hotell der alle utvekslingselevane fra samme område som meg møtes. Der skal vi vere til mandags kveld når vi tar nattbussen til New York. Vi kjem til New York rundt 6 tirsdag morgen, og eg og Sunniva blir plassert med alle andre elevar fra Norge på eit college der. På heile college kjem det til å vere 800 elevar frå heile verda!! Flyet mitt går ikkje før 22.00 tirsdag kveld(så blir ein lang dag med venting), eg har mellomlanding i London og onsdag 16.15 i norsk tid landar eg på gardermoen. 

Kan ikkje eingong forklare kor mykje eg gledar meg til å møte familien på flyplassen!

No sjåast vi snart <3 

Mindre enn to veker til eg er heime

Hei! 

No er det altså litt mindre enn to veker til eg er heime igjen, eg landar på gardermoen den 29.juni. Eg gledar meg sann til å møte alle igjen. Skal bli bra godt å komme heim og sove i mi eiga seng etter eit heilt år! 

Har skjedd litt dei to siste månedane


Vi feira bursdagen til grandpa i Cincinnati, og spiste middag på ein båt som går opp og ned elva der 

Emilee og Aidan i bussen på vei til eit track meet 


Track sesongen er over, var en kjekk opplevelse! 

Hattedag på skulen med BamBam og Hallie 

Spirit Day med Brian 

Klasse t-skjorte, kjeme til å savne Brooklyn og Bam

Siste skuledag, med Kelly og BamBam 

Fekk vere med på the races en dag, var skikkelig hillbilly for en kveld :p

Så var eg til Niagara Falls med andre AFS elevar for eit par veker sidan, var heilt fantastisk!! 

Moises(Mexico), Cerdane(Frankrike), Omar(Mexico), Gentian(Kosovo) og Belin(Paraguay)


Fekk gå over brua, så no har eg vore i Canada og! 

På vei heim stoppa vi i Cleveland og fikk sjå Rock and Roll Hall of Fame 

Forrige helg var vi på Cincinnati Zoo heile lørdagen


Vertsystrene, Bailey og Justice 

 

 

Denne helga er eg i hovudstaden, Washington D.C., på besøk med onkelen til vertsmor. Vi kjørte hit i går, var ein 8 timers kjøretur. Skal poste bilder når eg kjem heim! Eg postar bilder på snapchat og instagram litt oftare. 

Kjenne på at det nærmar seg slutten, får faktisk meir og meir heimlengsel til mindre tid det er igjen.

Vi sjåast snart dokke 

PROM

Hei hei! 

Forrige helg var det endeleg prom!! Har gleda meg til denne dagen sidan homecoming, og no er det plutselig over. 


Søndagen helga før, hadde vi prom middag, sidan det ikkje blei tid til det sjølve dagen. Aidan var daten min. 

Vi begynte dagen med MS-walk i Columbus for Sunniva :) 


Var iskaldt, hadde sikkert 15 lag med kle. 

Så var det heim og gjere meg klar for kvelden. 

Skal ikkje vere lett å feste den blomsten 



Bam og Brooklyn

Justice og Bailey

Vertsforeldra

Var så kaldt, var snø tidligare på dagen


Alanee, Cassandra - Brooklyn - Hallie


BamBam


Walking down Grand March

Kelly, kjem til å savne ho altså!

Emilee - BamBam - Aidan 

Så var det After Prom. Fra halv eitt til tre på natta, var vi i ein stor hall i sentrum. Var rett og slett ein svær leikeplass for voksne, hadde det så artig. Skulle ønske eg tenkte på å ta bilde. Der var alt slags hoppeslott, wipeout ballar, fotball(men kvar spelar var i oppblåste ballar) og masse meir. 

 

Ellers no i det siste går det berre i skule og track. Eg er veldig klar for at skuleåret er over, er hardt å holde karakterane oppe no dei siste vekene. 

Vi snakkast! 

Dei to siste månedane

Heihei! 

Lenge sida eg har posta noko igjen no. Tida flyr og eg har heilt glømt at eg i det heile tatt har ein blogg. 

Det har skjedd mykje dei siste to månedane. Eg har vore i Florida ei veke, "track" sesongen har begynt og påska er no over. Eg har no trening to timar kvar dag og mykje skulearbeid, så er ikkje mykje tid å slappe av. 

Fjelltur med Bailey og Angie


Aidan spurte meg til prom, med norsk melkesjokolade :) Gledar med sann til prom, berre to veker igjen no!

AFS-dag med BamBam på skulen

På shopping med Kelly

Så var det Florida turen. Grandma og grandpa bur i Cape Coral store delar av året, så vi var der på besøk.

Sanibel Beach 




Vi storkoste oss.

Spelte minigolf ein kveld, vi mata krokodilleungar på samme område, veldig artig.


The foreigners, Maelle fra Frankrike.

Brooklyn

Cassandra, Brooklyn og Dawson

Brooklyn, vi det så kjekt 

Cassandra og Kelly 

Tanner, Brooklyn, Bam og Aidan, ingenting er betre enn Chipotle etter trening

I går hadde vi vårt første "Track Meet", var veldig kjekt å sjå korleis det er. Det er fullt kaos, med alt slags sportar overalt. 

Eg og Bam sprang dei samme "events", 100 og 200 meter. Eg var veldig nervøs, så er godt å ha fått det overstått. 

I dag hadde vi familieselskap med foreldrene til vertsfar. 


Eit av søskenbarna mine her fekk ein liten gut for berre ei veke sidan, eg har savna å vere rundt ungar. 


Mammy, Pappy, Carter, Justice, Bailey, Angie og Larry. Blei mykje familie bilder i dag. 

 

Blei enda eit langt innlegg. Eg håpar alt er bra med alle heime. Sommaren og heimreise nærmar seg skremmande fort. 

Vi snakkast :) 
 

09.02.2016

Heisann! 

 

Helga vi budde med ein ny vertsfamilie var veldig kjekk!


I bilen, tok litt over 2 tima å kjøre dit.

 

Eg delte familie med ei jente fra Kina, familien budde i Marietta. 


Til venstre er dattera og til høgre er vertsmora. 

Fredagen var vi på ein barneskule og hadde presentasjon om landet vårt. Eg gjorde samme presentasjonen sikker sju gongar, gikk heilt i surr på slutten av dagen.


Jentene følgte etter oss over alt. Maelle og Guilia var to av utvekslingselevane som var på samme skule. 


Vi var på "Foam Party" lørdagskvelden. Hadde det så artig, var så mykje skum at vi kunne svømme i det. 


Fått så mange vennar frå heile verda, heilt sjukt. 

Ellers har eg ikkje gjort noko spesielt den siste måneden. Berre hatt mykje lekser og prøver, hengt med vennar og vore på basketball kampar. 


Ashton og Aidan på YoFresh


Bailey og Kendyl på Bowling


Brittany og Kelly på basketball kamp

 

Har hatt litt heimlengsel i det siste, eit år er lenge å vere vekke fra alle. 

Men eg har det berre bra, gledar meg til å begynne på friidrett, har ikkje vore i mykje aktivitet i det siste. Eg skal springe kortdistanse.

Håpar alt er bra med alle heime!

Amerikansk Jul & New Years Eve

Hei igjen! 

I morga har eg vore her i akkurat 5 månadar, rart kor fort tida går. Men på samme tid føles det mykje lenger ut sida eg sa hade til alle heime. 

Som sagt kom vi heim den 23.desember, vi var utslitt, så det blei ein tidlig kveld på oss. Julafta spiste vi fyrst middag med Angie sine foreldre, og seinare på kvelden for vi til Larry sine foreldre. 



Så kom 1.juledag. Vi spiste god frukost og opna julegaver, grandma og grandpa kom for å vere med. Fekk så masse fint!


Eg viser Bailey bilder fra konfirmasjonen min, fekk album frå Norge.

Nyttårsafta hadde ein kompis fra skulen fest. 

Cassandra og Cassidy

Hadde ein veldig kjekk kveld!

 

No lørdag var eg i 18 årsdag til Cassandra. Ellers har det vore hardt å komme tilbake til skulen, vi har veldig mykje testar og prøver, kjenner at motivasjonen ikkje er heilt på topp. 

Her stenger dei faktisk skulen når det er snø. I går begynte vi ikkje før halv 10 og idag fekk vi fri. Det er berre rundt 3-4 cm, men dei sei det er pga at det er farleg for bussane å køyre på dårleg føre. Og eg har ingenting i mot ein dag fri, får gjort mykje eg ikkje har tid til ellers. 

No til helga skal eg møte alle AFS studentane igjen, men vi skal bu med ein ny vertsfamilie. Det er familiar som har lyst å vere vertsfamiliar, og får prøve seg for ei helg. Eg er litt nervøs, men trur det skal bli kjekt. 

 

Eg må begynne å oppdatere oftare, hadebra!

Los Angeles & Las Vegas

Heisann! 

Lenge sidan eg har blogga no, har skjedd så mykje og når det ikkje har skjedd noko har eg berre tatt meg tida til å slappe av. Kjenne på meg at norsk rettskriving er ikkje den beste lenger, gjer meg litt bekymra. 

Eg har hatt ein fantastisk juleferie, som starta med ei veke i LA og Vegas!! Har alltid drømt om det, trur ikkje eg har innsett alt eg fått oppleve enda. 

Vi kom til LA onsdags kvelden, hadde torsdag i LA og kjørte med leigebil til Las Vegas fredag morgen. LA var eigentleg bare ein bonus til hovedferien i Vegas. Vi hadde 5 dagar der, og kom heim igjen til Chillicothe på lisjejulafta. 

Heile torsdagen brukte vi på sightseeing, trur vi fekk sjå alt som var å sjå. 


Walk of Fame - Selfie med LA i bakgrunnen

Poserte i den berømte trappa i Hollywood - Venice Beach

Griffith Observatory - med god utsikt til HOLLYWOOD skiltet

Guiden kunne nemne fleire filmstjerne som bur i husa langs med elva oppe til venstre - Beverly Hills - Venice Beach - Rodeo Drive Street



Desidert min favoritt by av alle eg har vore i! Veldig stor, men er noko spesielt med følelsen. 

Såg sann ut heile køyre turen frå LA til Vegas - Carter (vbror) fekk som ein del av julegava å få køyre fine, dyre bilar. Huskar sjølvsagt ikkje kva bilar det var. Eg har aldri vore på ei køyre bane før, var veldig artig! 





Bailey i spagaten på grensa mellom Nevada og Arizona

Ellers fikk eg sjå og gjere utruleg mykje! Blant anna Hoover Dam, Las Vegas skiltet, New York New York i Vegas, The Strip, Zip Lining over Fremont Street Experience, akvarium, dyrehage, Madame Tussauds, kino, lys show og mange kasino, blandt anna South Point som var rett ved sidan av hotellet vårt.  

 

Eg skal skrive eit anna innlegg om korleis eg feira jul, nyttår og kva eg har gjort på dei fyrste vekene i 2016. 

 

Savna dokke heime, snakkast

Bursdag, Thanksgiving og Black Friday

Hei igjen!

Det nærmar seg jul, og eg kjenne det på meg. Eg "grugledar" meg skikkelig! Blir rart å ikkje vere heime i førjulstida og i jula generelt, men på samme tid gledar eg meg veldig til å oppleve amerikansk jul. Veka før julafta reiser vi på ferie til California, eg er så spent på alt eg skal få oppleve! 

No onsdag feira eg 17 årsdagen min, og hadde mange venner her å feire med meg! Hadde det veldig artig, og er så takknemlig for alle folka eg har i livet mitt her. Er heilt fantastisk korleis eg hoppa inn i eit nytt liv, og alt og alle får meg til å føle meg som ein del av alt. 



Blei tvinga til å ha den tiaraen på haudet, haha! På skulen blei eg kalt inn på kontoret, vertsfamilien min og grandma og grandpa her hadde bestilt blomster. Er vaneleg å gjere her :D Eg hadde ein super dag, men også rørande. Har så mange folk heime i Norge, som eg er så glad i og sette veldig pris på!


Torsdag var det Thanksgiving. Er eigentleg berre at heile familien samlast og et mykje, god mat. Eg fekk smake kalkun for fyrste gong, og det er så godt!

Når selskapet var over brukte vi kvelden på å slappe av, for i 11 tida for vi ut på shopping. BLACK FRIDAY!! Er heilt gale at vi var på shopping heile natta (var ferdig rundt 6 om morgonen), men vi fekk dei beste tilbuda og var ein veldig kjekk opplevelse. Eg er no ferdig med alle julegavar!

 

I dag har vi pynta heile huset til jul, til og med satt opp juletreet! Så vi er heilt klare for desember. 

 

Snakkast

 

Dei siste vekene

Hallo igjen!

Kjære vene, tida her flyr! Har allerede vore her i tre månedar. 

 

Helga for nokre veker sidan var vi på The Pumpkin Show, det er svært! Er som måløydagane nesten bare 15 gangar større og x antall meir tonn med gresskar! Vi har gresskar dronning, mat, kake og konkurranse. Det regna den dagen vi var der, så var der ikkje så lenge! 



Veka etter var det Halloween! 

Eg og Bailey "carved pumpkins"





Torsdagen hadde Zane Trace (skulen min) åpent eit "haunted house". Bailey sitt i eit slags elev styre, så ho måtte jobbe der og tok meg med. Ja, skulen min har eit heilt bygg som er bare i bruk ein gong i året, til dette!


Eg var på alle fire bak den "krybba" og tok folk sine føtter når dei gikk forbi, og jobba også i buskene utafor der folk stod i kø for å gå igjennom huset. 


Ser ikkje så veldig skummelt ut når eg gikk rundt og tok bilde med blits, men skal love deg det var skummelt i mørket. 

Så heile poenget er at vi elevane som jobba der gjømte oss rundt i huset og skremte folk som gikk igjennom. Er veldig rart, men er heilt normalt her. Foreldre tok med små unga inn der, syns det var litt over grensa. 


Fotballlaget (amerikansk) vårt vinner kamp etter kamp! Vinner dei no fredag møte dei andre lag frå statane. Veldig artig, historisk for Zane Trace. 

Hi veka hadde vi "powderpuff", altså amerikansk fotball for jenter. 


Jentene spelte fotball og gutane var trenar eller cheerleader! 


Junior mot senior, gikk hardt føre seg! Var ikkje fullt så kjekt som det skulle ha vore. 



No fredag før fotballkampen for eg på "tailgating" med noken venninner, vi campa på parkeringsplassen og grilla. Veldig koselig faktisk, var der i 2 tima før kampen begynte. 


Jenta heilt til høgre, Hope, sine foreldre tok campingbilen og kjørte oss alle ned dit. 

I går hadde vi familiebilder. Hadde det veldig artig! Justice kom heim fra college for å vere med. 



På kvelden for vi på Ohio State volleyball kamp. Altså volleyball laget til universitetet i Columbus. 


Er plass til rundt 40 000 menneske, og det blir bare brukt til volleyball!!

 

Håpar alt er bra med alle heime!

 

(veke 43/44/45/46)

Veke 41/42 - HOMECOMING

Hallo igjen alle heime! 

 

Tida flyr, og eg har allerede vore her i over 2 månedar. Er heilt sjukt kor fort tida går her, men på samme tid føles det som eit halvt år sidan eg sa hade til alle. Eg kjenne på at eg har vore lenge vekke no, men eg har som regel så mykje å gjere her, at eg tenke så lite som mulig på det. 

 

To veke fra no var det Spirit Week. Det er veka før Homecoming, og du har eit tema kvar dag. Det er litt forskjellig om folk velge å kle seg ut eller ikkje, dei fleste gjer det! 





The 80´s med Kelly


Superhero, haha styggaste one-piecen men veldig komfortabel. 

Dei andre dagana var det pyjamas, disney og spirit(blå, rød og kvit) tema. Syns PJ-dag burde vere ein ting kvar mandag. 

 

Fredag var det Homecoming-fotballkamp og eg var som sagt valgt ut til Homecoming Court og gjekk over bana. Var veldig kjekt å få oppleve!


Brooklyn, Pumpkin Show Queen kandidat


Emilee, også Homecoming Court, men som senior



Alle Homecoming Court representantane

 

Lørdag var endelig dagen vi alle har venta på så lenge! Hadde ein heilt fantastisk dag, fra morgen til langt på kveld. 

Starta dagen med noko 4-H opplegg, eg og Bailey hjalp til å gi ut billettar og skrive folk på påmelding-lista til klubben. 

Etter det fikk vi fiksa håret vårt med frisøren, Angie er nære venner med folka på den private, lille frisørsalongen. Så mens Bailey fikk fiksa håret gikk vi på bakrommet for å smøre meg inn med selvbruning, og omvendt når det var min tur. 



Etter det fikk vi oss noko mat, før det var vidare til ein ny sminke salong nede i sentrum. 


Er ikke vandt til å bruke så mykje sminke, men er slik det skal vere 

Så var det å kjappe oss heim så vi fikk skifte og ta nokon bilder med Justice og Carter før dei for vidare, er noko som skjer med alle heile tida. 




Rundt 4 kom Austin og henta meg. 



Vi tok bilder med ei populær kirke, med veldig fin hage, er så glad eg fikk tatt bilder med alle. Både familie, venner fra klassene mine og volleyball. 


Vertsfamilie med kvar vår date


Grandma og Grandpa, dei kom for å sjå oss


Taylor fra volleyball laget


Ashton med kjæresten Trey




Volleyball laget, ken ellers?

Aidan


Lady´s in red! Haha, var ikkje planlagt, ingen tenkte over at vi alle hadde rød kjole.. Cassidy og Ashton er gode venninner her


Morgan, Kelly, Justine og Katie, med dater


Kailey og Cassandra, veldig trist Kailey flytta til Texas dagen etter.. 



Alanee


Nesten heile gjengen, er så heldig som har fått så mange gode venner her! 

Vi var mange som for til Japanese Steakhouse, er utrulig god mat og veldig underhaldande! 






Og så var det sjølve ballet, det begynte i 8 tida og var over 11, for min del kunne det ha holdt på resten av natta. Hadde det så artig! 

Etter ballet var det bonfire heime hos oss, kom mykje meir folk enn vi hadde forventa, var veldig koselig slutt på dagen! Tenkte ikkje på å ta bilde etter vi var med kirka, var heilt ferdig etter dei timane der.. Så har ingen bilder fra seinare på kvelden. 

Onsdag for vertsforeldra mine på ferie til Hawaii, dei har vore gift i 20 år! Pga AFS reglane budde vi med Angie sine foreldre torsdag til søndag. Sov fra søndag til mandag med Beth, Angie si bestevenninne. Dei kjem tilbake på fredag, så resten av veka bur Larry si mor her i huset med oss. 


Monopol kveld, Jeremy er sønnen til Beth, vi har klasser i lag

Har ikkje skjedd noke anna heile veka enn at på lørdag tok Justice oss med til Kings Island

Drop Tower, nesten 100 m... Trur aldri eg har vore så redd noken gang, aldri meir!














Ditta er min favoritt, håpar vi får fare hit igjen! Bildene er bare for deg mamma, haha

Ellers elska eg berg og dalbane og karusellar generelt, vi tok absolutt alt som kunne takast. Hadde ein kjempe kjekk dag, einaste var at det var iskaldt og måtte stå i kø veldig lenge på dei mest populære. 

Ellers er det ikkje noko spesielt som skjer, vi hadde siste volleyball kampen sist torsdag og no lørdag har varsity siste sjans til å fortsette. 

 

Langt innlegg, men håpar dokke syns det e kjekt å sjå! Eg er så utrulig takknemlig for alt eg får oppleve, er heilt spesielt. 

Veke 38/39/40

Heihei! 

 

Jepp, er veldig lenge sida sist.. Har rett og slett ikkje hatt tida til å sette meg ned!

 

Cassidy og Ashton, to av mine nærmaste her 

Alle vekene her er egentlig heilt like, går i skule, trening og lekse. Har kampar tirsdagar og torsdagar, og amerikansk fotballkamp kvar fredag. To veke sida spurte ein kompis av meg meg om å gå til homecoming med han, trur vi kjeme til å ha det veldig kjekt! Samme veka stemte vi fram Homecoming Court, vertssystera mi skreiv meg opp på kandidatlista og eg vann som representant for Junior. Daten min vann og som mannlig representant, så det er veldig kjekt sidan vi går i lag! Sann eg har skjønt det betyr det egentlig ikkje stort anna enn at vi tar bilder med dei andre representantane frå dei andre trinna, som kjem i avisa (tok bilda forrige veke), og på homecoming fotballkampen no fredag går du i lag med daten din over fotballbanen. 

Fotballkampen for to veker sidan var det Beach Theme.


Cassidy


Og så har vi Kelly, ler meg i hel av dinna jenta

Lørdag til søndag var det AFS camp, hadde det utrulig kjekt! Du blir kjent med folk fra heile verda, eg kjente ein del av dei som var der, sidan vi tok samme fly fra New York til Colombus. 

Norge, USA, Thailand, Kina, Italia, Danmark, Pakistan, India, Mexico, Nederland, Tyskland, Frankrike og sikkert andre land eg ikkje huska. Heilt spesielt å bli kjent med så mange ulike menneske. 

Isa (Nederland) og Samuele (Italia)

Han her var frå Kosovo.


Så mange fine folk!


Jenta i midten, Belin, bur også i Chillicothe og er fra Sør Amerika, men ho går på Chillicothe High School. 


Gjengen frå Chillicothe, vi er no seks jenter bare i vår by! 

Gikk igjennom det samme som på pre-orientering i Norge, så var litt kjedelig, men for det meste bare kjekt!! 

 

Forrige helg feira vi Angie sin bursdag på fredagen før fotballkamp. 

Denne kampen var det Toga Theme

Joda, vi tok dei på oss midt på parkeringsplassen


Når vertsforeldra har mobilen min i 2 minutt, haha! 



Chris er min faste fotball-buddy! 



BamBam og Chris

Vi vinne alle kampar med 40-60 poeng meir enn det andre laget, ganske kjedelig egentlig. 

Etter kampen blei eg med Ashton til "bonfire" med kjæresten hennar. 


Koselig kveld! 

Lørdag hadde vi familietreff på Angie si side tidlig på dag. Om kvelden for vi til Colombus på shopping igjen.


Vi for til Easton igjen, eg elska den plassen! 


I ei av gatene kunne ken som helst komme å male på veien. 



Inne på senteret. Er eit stort hovud senter, og utanfor er det små koselige butikkgater. 

Storebroren, haha vi har det veldig artig!

Søndag var det bursdagsfeiring for oldemora her. 


Kross (tremenning) og Bailey. Har mangen klasser med Kross, god kompis her. 

 

Denne siste veka har gått så fort, føler den var over før den hadde begynt. 

I går var det årets fotballkamp, Zane Trace mot Paint Valley. Begge laga hadde poenga 5-0. Altså 5 vinn, null tap. 

RED OUT THEME

Ashton og Chris

Var så mange som kom, at vi måtte vere der 2 timar før kampen begynte for å få sitteplass. Regna som bare det, veldig glad vi kunne få kjøpt kakao der. Eg var godt innpakka og klar for kamp!


Maddie



Dei kjempa på, lika nesten ikkje å sjå på alltid. Dei skada seg heile tida, den eine etter den andre, ganske voldelig.


Chris, Ashton, Brooklyn og BamBam 




Zane Trace vann på overtid, 15-8, heilt ubeskrivelig følelse å springe ned på bana å feire med dei!! No er vi på topp med 6-0, The Pioneers er ubeseira! 

I dag starta vi dagen med lunsj i byen Justice går på college, og eg fikk sjå litt korleis det ser ut. Virka veldig kjekt å gå på college her, er på ein måte det du kan sammenlikne med å bu på hybel heime. Sjølv om du må bu på campus her. 

Resten av dagen har eg brukt på å slappe av, har ikkje gjort noken ting sidan vi kom heim. Føles veldig godt! 

Må bare legge til noken fleire skule bilde før eg avslutta

Cassandra og Brice i Lifestyle klassa


Og så har vi meg og Ashton igjen, ho er virkelig ei venninne eg kjem til å ha resten av livet<3 

 

I morga skal vi til Colombus igjen for å gå/springe eit løp for innsamling av penge til noko, har ikkje heilt skjønt kva det er for. Reknar med eg finn det ut i morga! Blir nok litt meir handling sidan det er Spirit Week denne veka. Er slik at du kler deg ut kvar einaste dag, blir sikkert veldig artig. På lørdag er det endelig Homecoming, grugledar meg skikkelig. Håpar eg får skrive om dinna veka neste søndag!

Håpa alle heime har ein super høstferie, har ikkje det her borte! 

Skrivast så snart som mulig

Veke 36/37

Heisann!

 

Har hatt det veldig travelt dei siste to vekene! Forrige veke hadde vi testar kvar dag og mykje lekser, i tillegg til kampar både tirsdag og torsdag.


Brooke, Cassidy og Ashton, noken av dei eg sitter med i lunsjen.

Fredag var eg på min fyrste Amerikanske Fotballkamp.


Alli, Kelly, Katie, Justine, Cassidy og Morgan. Vi ventar på at spelarane skal komme ut og springe gjennom den store plakaten i bakgrunnen, vi gjer alltid det før kampen begynne.


Temaet den fredagen var kvit, vi kasta babypulver opp i lufta. 


Var ikkje fullt så kjekt for alle når vi hadde håret fullt i pulver, men som dokke ser hadde eg det like kjekt. 

Eg elska det!! Stemninga er fantastisk og alle har det bare utrulig kjekt uten at noken av oss heilt skjønna kva som føregår på bana, haha!

Når kampen nesten var ferdig måtte vi fare sidan vi skulle køyre eit stykke til campingplassen. Det vart så seint når vi kom dit at vi berre kom oss til rette og la oss til å sove.


Innsjøen vi campa ved sidan av, heilt nydelig der!

Lørdag åt vi god frokost ute før vi for til eit område der alle i butikkane var skikkelig amish, dei brukte hest og vogn i staden for bil og alle var kledd i gammaldagse kle.



Tok noken snik bilde av folk


Skjortsen e begynt å bli litt trang ja, heh 

 

Resten av dagen brukte eg og Bailey på å øve meg på å surve i volleyball og spelte basketball. På kvelden spelte heile familien minigolf.





Søndag bestemte vi oss for å reise heim på ettermiddagen, sidan eg og Bailey hadde morgentrening tidlig mandag.



Vi pakka sammen alt, men før vi reiste heim for vi ned til innsjøen for å kjøre vann scooter. Var så kjekt, men på grunn av AFS reglane fikk ikkje eg køyre sjølv?



Gav meg litt følelsen av hav, kjenne litt på savnet etter kysten. 

Mandag var det Labor Day så vi hadde fri frå skulen. Opp tidlig på trening og brukte resten av dagen til å slappe av. Vi hadde masse kle å vaske og gjere alt klart for fleire kampar. Tirsdag tapte vi heimekampen, men det verste var at Taylor på mitt lag fikk ein hard ball i haudet og fikk ein svak hjernerystelse.


Onsdag kveld var eg på junior leaders møte for 4H, det er ein organisasjon Angie er veldig engasjert i og for så vidt resten av byen! Kan skrive meir om det når eg skjønna betre kva det faktisk er sjølv. 

Eg er den einaste innbytteren vi har på laget, så eg måtte spele heile kampen på torsdag. Eg var så nervøs, volleyball er veldig seriøst og vanskelig her. Er ikkje berre berre å rotere osv. her, du roterar på kryss og tvers av bana alt etter kor du spelar best. MEN vi vann, eg var så glad eg ville grine!

Fredag var 9/11, vi gjorde nesten ingenting på skulen. Nesten alle timane snakka vi om det, såg film om det eller hadde stille stund for alle liva som gjekk tapt denne dagen.


Eg og Angie klar for kamp!

 

På kvelden var det trening og så rett på amerikansk fotballkamp, sidan det var 9/11 var temaet for kampen USA.


Aston, Cassidy, Brooke og Cassandra.


Alle var kledd i blått, rødt og kvitt. 


Kelly, vi går veldig godt ilag! Etter kampen for vi og noken til ut for å ete. 

Lørdag brukte vi heile dagen på benken.. Det var ein slags volleyball-cup to timar frå Chilllicothe, men var bare det gode laget som spelte. Vi på jv var med for å heie på dei, vi vann alle kampar og blei champions!!

I dag tidlig reiste eg til Colombus, den store nærmaste byen med Sunniva og vertsmora hennar på shopping. 




Vi brukte heile dagen på eit slags utendørs "kjøpesenter" var egentlig bare eit veldig koselig, stort område med gater med butikkar og fontener. Angra på at eg ikkje tok meir bilde, men reknar med eg skal dit fleire gangar. Utrulig fint der. 


På vei heim stoppa vi på Roosters. 

Er veldig seint her no, og eg er heilt utslitt etter helga. Trenge ein ekstra dag i veka her, er ikkje klar for ei ny allerede..!

Har to kampar denne veka og ein på lørdag før eg skal vidare på AFS møte med alle dei andre AFS elevane i område, gleda meg skikkelig til å møte alle igjen! Skal vere der til søndag. 

 

Homecoming kjole, bursdag og kampar

Heia! 

Fredag var ein mykje betre dag på skulen. Eg fikk endelig min ferdige skuleplan, har hatt tre forskjellige til no på grunn av feil spansk nivå. Eg har begynt å finne meg meir til rette, blitt kjent med mange på skulen og alt er rett og slett berre betre! Fredag etter volleyballtrening for eg, Bailey og Angie ut for å ete middag. 


Likte dinna restauranten, alle borda har ein telefon så du bestiller maten i. 


Angie, hahah! Vi har det så artig.

Etter middag såg vi fotballkampen til jentelaget på ZT. Kjenner eg savner litt å spele fotball, men i år skal eg prøve noke nytt! 

På lørdag var det opp tidlig på marked og så vidare på homecoming kjole shopping. 


Fyrst var det frokost på ein skikkelig koselig kafé, elska stilen! 

Og så var det kjole shopping! Etter mykje leiting fann eg til slutt fann ho noken kjolar som er litt meir meg, stod i mellom 2 stk og eg klarte endelig å bestemme meg etter 1,5 time, hehe.. Gleda meg sann til homecoming!

Tirsdag var vår fyrste volleyballkamp. 


Taylor og meg, vi er blitt veldig gode venner! 

Før vi reiste for heile laget til parken i Chillicothe for å ete "take away" mat. Vi vann vår fyrste bortekamp, alle var strålande fornøgde. 



Torsdag for eg rett fra trening på fotballkamp.


Aidan og Ashton. 

 

Fredag var det rett fra trening i bursdag til BamBam, utvekslingseleven fra Thailand. 

Brooklyn, Bailey, BamBam og Emilee, Brooklyn er like gammal som meg og er vertssystera til BamBam.


Hadde ein veldig kjekk kveld! 

Lørdag hadde vi to heimekampar. 


Vi vann den fyrste og tapte den siste.. 

Resten av dagen brukte eg, Bailey og Angie i sentrum.


Hahah, matvarebutikkane her er enorme!!


Ikkje uvanlig at ei dame i 70-åra har augevippar på bilen sin... 

På kvelden for eg ut på bowling med Taylor og noken kompisa, eg glømte å ta bilde, men Aidan tok tydeligvis eitt med mobilen min når det var min tur, haha. 

I dag for vi til ein liten by ca ein time frå Chillicothe for å ete brunch(?) med vertssystera mi Justice, ho går på college i nærheten. 


Meg, Carter, Bailey og Justice. 

Resten av dagen har eg brukt til lekser, rydde rom og planlegge den kommande veka. Har to kampar denne veka, fredag skal eg sjå min fyrste Amerikanske fotball kamp og jobbe i kiosken, og når kampen er ferdig skal vi campe i ein by i nærheten resten av helga. Skal legge meg tidlig så eg er klar for enda ei ny, spennande og travel veke!  

 

Rart å vere så langt vekke fra alle dokke der heime, tenke på dokke <3 

Siste dagane og fyrste skuledag!

Heyhey!

Som sagt kom vi heim fra Fair Camp på søndag. Vi hadde eit par timar fri og så kom alle utvekslingselevane som bur her i Chilllicothe på besøk til oss for pre-orientering (trur eg vi kaller det), sidan vertsmora mi, Angie, er veldig aktiv og jobber som frivillig for AFS. Vi gjekk for det meste berre gjennom reglar og alt det samme som vi gjorde på pre-orienteringa i Norge. Du skal ha ein kontaktperson som bur i nærheten, i tilfelle du får problemer. Eg møtte min kontakperson på Fair Camp, men ho og alle dei andre sine møtte også opp på pizzakveld!

 
Bambam heilt til venstre er fra Thailand, ho skal går på samme skule som meg. Så er det Sunniva fra Bergen, og til høgre Maëlle fra Frankrike. 

Ei jente fra Sør-Amerika skal komme til Chillicothe og, men ho kjem ikkje før september. Når vi var ferdig med alt vi hadde å snakke om, kom familiane til dei andre og, vi alle åt pizza og prata! Vertssystera til Bambam er like gammal som meg, så vi blei godt kjent!  

Mandag for eg og Angie tidlig til skulen for å få timeplan, levere inn papirene mine og slike ting. Og seinare på dagen var vi på fotballbana på Zane Trace (skulen min), veit ikkje kva det heitte, men alle laga på skulen måtte vere der og få navna sine lest opp! Eg var der med volleyball-laget mitt. To frå kvart lag måtte stille opp i ein konkurranse der du skulle kle på deg ei fryst t-skjorte og springe til partneren din med den og gi den fra deg. Sida eg er den nye jenta måtte eg sjølvsagt vere en av dei to... 


Bailey tok bilde, blei veldig dårlig kvalitet. 


Fotball laget (Amerikansk), gleda meg til å sjå dei spele neste helg!

Tirsdag for eg, Angie, Bailey og Grandma på shopping å handla inn ting og kle til skulen. Og så var det volleyballtrening frå 16-18, har det kvar dag heile veka, utenom når det er kamp. 

Så kom endelig dagen eg har grua og gleda meg til så lenge! Onsdag var fyrste skuledagen her og det var over alle forventninga, alle er så hyggelige og hjelpsomme. Eg har litt vanskelig med å finne fram til klasseromma i og med at du har 3 minutt på deg til å skifte klasserom. Det er 3 etasjer med prikk like ganger, så eg hadde ikkje sjans å finne noke. Heldigvis har eg mange timar med ei fra volleyballlaget, ho er veldig god å ha, haha! Eg har 7 forskjellige fag kvar dag i 45 min, så er ganske lange dagar.. Går på skulen fra 07.45 til rundt 14.00 kvar dag. Har ingen bilde fra skulen, for lærarane er kjempe strenge med mobil. Du kan få detention av å bruke den.. 

Tok eit i kantina idag da! Den er smekk full med folk, og alt er så amerikansk. Borda er runde med krakkar som sitt fast. Maten på skulen er visst ikkje noko god, så dei fleste har med matpakke sjølv. Det er heilt normalt å ha med i tillegg til finskive ein eller fleire små chips-, kjeks- eller godteriposer. Er heilt overveldande, eg leve veldig godt og usunt! 

Etter fyrste dagen på skulen var det rett til ein annan by å ha treningskamp. Vi tapte, men vi fikk øvd oss som eit lag.. Resten av laget har aldri spelt ilag heller! 

I dag har dagen egentlig vore heilt lik alle andre, skule - heim - trening - spise - dusje - sove, trur mange dagar blir sann. Er ikkje mykje tid til anna på kvelden. Idag skal eg legge meg tidlig så eg er opplagt til enda ein lang dag imorga. Skjønna ikkje korleis ein klare slike travle kvardagar, i tillegg til lekse og alt anna som kjem seinare. Eg blir vel vandt til det! 

Dei fyrste dagane her

Hallo!

 

Det blei ei litt lengre og slitsom reise enn det eg hadde forventa. På onsdag gikk flyet fra Gardermoen rundt halv 3 til London, når vi kom dit fikk eg og to andre jente, Yvonne og Kristin, beskjed om at vi av 51 fra Norge som skulle til New York ikkje fikk plass på det fyrste flyet, så vi måtte vente der i 4-5 timar før det neste gikk. Men det gjekk heilt fint, vi hadde det kjempe kjekt ilag!! 


Kristin og Yvonne. 


Kristin fekk ikkje sove sittande, så ho la seg med beina på golvet.. Hahah! 

Alle fra utvekslingselevane frå Italia var faktisk på flyet, vi blei litt kjent med noken av dei. 


Kunne sjå skyskraperane i det fjerne fra hotellrommet, håpar eg får sjølve byen iløpet av året. 

Når vi kom til New York blei vi sendt til eit hotell som AFS brukar fast der. Når vi kom dit fikk vi utdelt ein nøkkel og eit romnummer, og fikk beskjed om at vi skulle dele rom med en annen person fra eitt eller anna land. Eg kom til eit tomt rom, og klarte ikkje å legge meg når eg visste noken skulle komme å legge seg i senga ved sidan av meg. Så eg blei sittande oppe og vente på Lara, fann eg ut en time seinare. Ho er fra Italia og vi blei gode venninne, håpa eg får møte ho igjen! 

Meg og Lara. Vi alle hadde eit AFS-skilt rundt halsen, så AFS USA lett kunne plassere oss på rett plass. 

Etter 2-3 timar søvn på over eit døgn for vi tilbake til flyplassen og deretter vidare til Colombus. Vi som reiste ilag blei godt kjent. Det var ein del vente tid og vi alle hadde masse å prate om. Alle på bilda under itillegg til ein del fleire skal reise reise ilag på turer iløpet av året, eg gleda meg skikkelig!!

Alle over er fra Italia, veldig kjekke!


Italia, Norge og Sveits. Du blir kjent med folk fra heile verda! 

 
Sunniva, ho er fra Bergen og eg kjenne ho fra før. Vi blei kjent på pre-orienteringa i høst. Ho bur nesten i samme by som meg og vertsfamiliane våre kjenne kvarandre, så vi ser kvarandre ofte, noke så tilfeldig! 


Meg, Sunniva og Lara. 

Vi var så spente når vi satt på flyet, vi visste nesten ikkje kva vi skulle gjere av oss. 

Så fikk eg endelig møte vertsfamilien min! Bailey, Angie og Larry stod og venta på meg på flyplassen. Bailey er den tre år yngre systera mi, ho skal begynne på high school no som "freshman"(?). Og Angie og Larry er vertsforeldra mine. Eg skal forresten vere junior, sidan eg er født så seint på året...

Vi for heim til huset så eg fekk pakke med meg ein litt mindre bag, og så rett vidare til Fair Camp. Eg forstod ikkje heilt kva det var før eg for dit, og eg er fortsatt ikkje heilt sikker etter å campa der heile helga. Kort sagt er det som ein ekstremt stor festival på ein måte, med karusellar, all mat du kan tenke deg, masse dyr, underholdning og ikkje minst caminpbilar/vogne. Der er rundt 2000 "campers" kvart einaste år, det er heilt enormt!! 




Larry og Bailey. Huskar ikkje kva spelet heiter, men det er veldig kjekt og vi gjorde det kvar kveld.

Bailey. Ein stor del av heile Fair Camp er alle dyra, ungar tar seg av dei heile sommaren og selge dei på auksjon her. Bailey selgte kaninene sine, men folk hadde og geiter, kue, griser, saude osv. Mange tårevåte auger her, ganske trist.. 

Eit vennepar hadde ein Corvette(?) og eg fekk sitte på ein tur rundt i campen. Dama var fra Norge opprinnelig, så vi hadde ein masse å snakke om! 

Fredag morning, dagen etter eg kom hit, stod vi opp 05.30 så eg fikk vere med på den fyrste volleyball treninga. Det var ikkje så lett å stå opp så tidlig, men eg gjorde det frivillig, så skal ikkje klage. 


Vi kom heim søndag og sidan det har vore fullt kjør. Har egentlig ikkje hatt tid å sette meg ned sidan torsdag, haha. 

Skal skrive meir om det i eit anna innlegg, har ikkje tid til å skrive meir no.. Skal på eit eller anna volleyball opplegg no om 5 min! 

2 days to go

 

Heisann!

 

I høst søkte eg om å få bli utvekslingselev i USA gjennom AFS. Eg bestemte meg i siste liten, og sendte inn søknaden min rett før fristen gjekk ut. Det gjekk ikkje lange tida før eg fekk beskjed om at eg hadde fått plass. Då begynte alt papirarbeidet og mykje forberedelser, og no nærmar det seg endelig avreise.

Allerede i februar fekk eg vertsfamilie, og var veldig heldig som fekk det så tidleg. Familien min bur i ein "liten" by, Chillicothe, som ligg i staten Ohio, ikkje så langt frå hovudstaden, Colombus. Eg har hatt ein del kontakt med vertsfamilien min gjennom mail og Facebook. Det virker som ein veldig koselig familie, og eg gleder meg skikkelig til å møte dei! Eg har to eldre søsken på college og ei yngre syster som skal gå på samme high school som meg. 

Siste veka har eg sagt hade til vennar og familie, trur ikkje det har gått opp for meg enda at det er eit heilt år til neste gang eg ser alle igjen. I dag er siste dagen min heime i Selje, og i morga reiser eg til Gardermoen. Onsdag ettermiddag går flyet mitt til London, og deretter vidare til New York. Der skal eg overnatte ei natt før eg reiser vidare til Colombus. På flyplassen står vertsfamilien og ventar på meg, eg er så spent!

 



 



Johanne Drageseth

Skuleåret 2015/2016 er eg utvekslingselev i Ohio, USA. Eg har bestemt meg for å blogge om kvardagen der borte slik at vennar og familie kan følge meg gjennom året mitt! Du kan og følge meg på Instagram @johannedrageseth

+ Legg meg til som venn


Kontakt/sponsorer: johanne.d.98@hotmail.com





Design laget av Julie Viktoria
hits